Olav Andreas Vatnestrøm
Olav Andreas Vatnestrøm (fødd 1924) er tidlegare ordførar i Iveland kommune. I hans tid som ordførar kjøpte kommunen frå Olav Landsverk etter einstemmig vedtak i kommunestyret det som vart starten på Iveland kommune si mineralsamling. Han starta sjølv også å samle mineral på 1970-talet og innreidde eit eige rom i uthuset til mineral med nøyaktig og sirlig omtale på informasjonslappar. Denne samlinga kjøpte Iveland kommune av han i 2009.
Kjelder og eksterne lenker
- Sigurd Haugsgjerd: Har skaffa seg fleire lokale mineral. Artikkel i Setesdølen nr. 83, 2009 side 6