Halvard Oftedal

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. april 2011 kl. 13:54 av Siri J (diskusjon | bidrag) (defsort)
Hopp til navigering Hopp til søk

Halvard Oftedal (fødd 1980), busett på Oltedal i Gjesdal kommune, er heiesjef i Brokke driftehei. I tillegg er han bonde og tømrar på deltid. Han har vore heiesjef sidan 2007, då han som 26-åring vart den yngste heiesjefen nokon gong. Han har vore med sauene i heia kvart år sidan han som 14-åring var med for første gong.

Heime på Kjellebakken i Oltedal, garden som han kjøpte i 2008, har han 120 sauer og 20 ammekyr. Når han er i heia, nyttar han hytta ved Fosseknuten som hovudbase. Men på gjetarturane over heia nyttar han og ei hytte ved Bosbu og ei hytte ved Sandvatn.

Kjelde

  • Alf-Inge Lima: Travel heiesjef Artikkel i Gjesdalbuen 23. april 2008