Geir Lippestad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 26. april 2014 kl. 14:58 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Geir Lippestad)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Geir Lippestad

Geir Lippestad (fødd 7. juni 1964) er ein norsk advokat. Han driv advokatfirmaet Lippestad i Oslo. Firmaet har og eit avdelingskontor i Skien. Lippestad hadde verneplikta si på Evjemoen og underviste då i rettslære på Hornnes gymnas. Difor var han på kjente trakter då han 23. april 2014 var foredragshaldar på Setesdalskonferansen 2014 og heldt foredraget: «Verdikommunikasjon som motivasjon for å treffe gode val!»

I 2002 var han forsvarar for Ole Nicolai Kvisler, som vart dømd til 17 års fengsel for drapet på Benjamin Hermansen etter det som vart kalla Holmlia-drapet. Dette forsvararoppdraget var truleg grunnen til at Anders Behring Breivik ville ha Lippestad til forsvarar. Innsatsen som forsvarar vart kåra til «Årets prestasjon» i 2011 i Finansavisens årlige advokatkåring.

Han har hatt eit politisk engasjement og vore nestleiar i Nordstrand Arbeiderparti, noko som har ført til at mange meiner han kan bli den neste ordføraren i Oslo.[1] Han har hatt eit sterkt engasjement for funksjonshemma og vore generalsekretær i Hørselshemmedes landsforbund, styreleiar i Universell Utforming og varamedlem til Pasientskadenemnda. Hen er styreleiar i tankesmia Agenda. I februar 2014 fekk han Livsvernprisen 2014

Bibliografi

  • Geir Lippestad og Jon Gangdal: Det vi kan stå for, 2013 ISBN 978-82-03-29394-8

Referanser

Eksterne lenker