Olav A. Nesland
Olav A. Nesland (fødd 24. januar 1909, død ?) var ordførar i Bykle kommune frå 1976 til 1983, då Tor Byklum overtok. Han hadde vore i arbeid med kraftutbygginga og vart ordførar etter at han vart pensjonert. Olav A. Nesland var gift med Tone Nesland, dei gifta seg i 1949 og budde dei første åra i Berdalen. Men i 1952 bygde dei hus og flytte til Berdalsbru. Dei fekk fem jenter.
Kjelde
- Ole Birger Lien: Tone Nesland (89) voks opp øvst i Vatnedalen i syskenflokk på 14. Artikkel i Setesdølen nr. 101, 2013 side 16