Brit Obrestad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. mai 2026 kl. 23:52 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Brit)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Brit Obrestad
Født: 13. mai 1946 (80 år)

Brit Obrestad (fødd 13. mai 1946) bur på Varhaug. Ho er einaste barn av Rakel Obrestad (fødd Hetland) og Paul Obrestad. Oppveksten var prega av eit tradisjonelt jærsk gardsmiljø med kyr, griser, høner og hest, og ho deltok tidleg i gardsarbeidet. Ho vaks opp tett på både natur og musikk; faren spelte orgel og song i mannskor, mora spelte gitar og mandolin og musikken vart ein naturleg del av kvardagen.

Utdanning og yrkesliv

Etter folkehøgskule i Ålesund (1963–64) tok Brit Obrestad organistutdanning ved Stavanger musikkonservatorium. Ho tok organisteksamen i 1967 og vart organist i Ogna kyrkje, før ho i 1971 fekk stilling som organist i Time kyrkje. Her spelte ho i ei årrekkje og deltok i eit aktivt kyrkjemusikalsk miljø, mellom anna ved vigslinga av nytt orgel i 1971 og ved fleire radio- og fjernsynsoverførte gudstenester.

Landbruk og rekneskap

Sjølv om Brit Obrestad hadde musikkutdanning, var ho sterkt knytt til garden heime. Ho tok over garden i 1975, og kombinerte i fleire år gardsdrift, organistteneste og arbeid i musikkskulen. Etter vidare utdanning ved Vinterlandbruksskulen på Jæren og Foldsæ landbruksskule (agroteknikar i økonomi og skatterett), avvikla ho gardsdrifta med gris og gjekk over til fulltidsarbeid som rekneskapsførar ved Hå gardsrekneskapslag. Her arbeidde ho fram til pensjonsalder i 2013.

Aktiv fritid

Frå 2000-talet har Obrestad vore ein aktiv skribent, både i lokalblad som Kyrkjelydsbladet i Hå og i bygdebladet Varhaugbuen. Ho har skrive personlege refleksjonar, lokalhistoriske tekstar, små forteljingar og dikt. Ho er òg kjend for sine daglege «morgonhelsingar» – korte tekstar kombinert med eigne naturfoto frå Jæren, som ho sender til familie og vener. Dei er ofte tekne på hennar mange sykkelturar på Jæren, og sykling har vore ein stor interesse ho har hatt og dyrka både innanlands og ute i Europa.

I 2000–2002 tok ho grunnfag i handlingskompetanse ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling, noko som gav ny inspirasjon til skriving og refleksjon. Ho har sidan vore ein synleg formidlar av jærsk natur, kultur og kvardagsliv.

Brit Obrestad har levd eit liv som på mange måtar har gått «mot normalt», som ho sjølv formulerer det i ein av tekstane sine. Ho har valt andre vegar enn det som var forventa av kvinner på Jæren i hennar generasjon – ho gifta seg ikkje, fekk ikkje barn og kombinerte fleire yrke i eit liv prega av både musikk, landbruk og fagleg utvikling.

Ho har likevel hatt ein stor familie rundt seg gjennom syskenbarn, tantebarn og fleire generasjonar som omtalar henne som «tante Brit». Ho har vore ein viktig omsorgsperson, fadder og støttespelar for mange.

Bibliografi

På sin 80-årsdag 13. mai 2026 debuterte ho som forfattar med boka

  • Vårteikn og andre dikt. 2026

Kjelde

  • Informasjon i Vårteikn og andre dikt