Kvernevatn kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. juni 2025 kl. 23:23 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (orto)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvernevatn kraftverk er eit småkraftverk under bygging ved Kvennevatnet i Åseral. Arbeidet tok til i mars 2025. Den årlege produksjonen når kraftverket står ferdig vil tilsvare straumforbruket til om lag 300 bustader. Prosjektet er kostnadsrekna til rundt 60 millionar kroner, og skal etter planen vere ferdig hausten 2026. Tinfos Entreprenør skal gjennomføre prosektet som ein totalenterprise. Eigar er Å Energi.

Kjelder