Storevassdammen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. mai 2025 kl. 07:52 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Storevassdammen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Storevassdammen er ein dam i Blåsjø i Bykleheia. Den ligg i Steinbuskardet-Hisdal biotopverneområde. Då dammen vart bygd, grov dei ned ein drivstofftank i den. Når tanken rustar, lekk diesel ut i vassdraget. Arbeidsutvalet i verneområdestyret for Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde gav i mai 2025 Statkraft Energi løyve til motorferdsel i området for å fjerne tanken i seks veker frå 15. august 2025.

Kjelde