Torbjørn Borgi
Torbjørn Borgi (fødd 1943) var ordførar i Bygland frå 1992 til 1996. Han representerte Arbeidarpartiet og hadde vore varaordførar i perioden før han vart ordførar.
Han var vegoppsynsmann før han vart ordførar og gjekk tilbake til jobben i Statens Vegvesen etter ein periode som ordførar. Knut A. Austad vart ordførar etter han.
Kjelde
- Sigurd Haugsgjerd: Må vurdere Frøysnes-veg på nytt. Artikkel i Setesdølen nr. 30, 2013 side 5