Skrapeslått

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. mars 2013 kl. 15:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Skrapeslått)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Skrapeslått er eit dikt av Ingvald Langemyr. Det stod i Setesdølen nr. 49, 2006 side 3.

Dei slo skrapeslått
i min ungdom.
Gjekk på skogen
med ljå
og gnog av litt gras
mellom tuvene.

Det kunne bli
ei bør eller så
å bære heim.

Kyrne lika dette
høyet så godt
at dei åt det
framfor noko anna.

I dag er det få som veit
kva skrapeslått er,
den har gjenge ut på dato.
Kyrne fær ikkje smake
denne godbiten,
den blei borte
i moderne tid.