Arne Torp

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. april 2022 kl. 14:19 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Eksterne lenker)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Torp
Født: 14. oktober 1942 (83 år)

Arne Torp (fødd 14. oktober 1942 i Holt i Aust-Agder) er professor i nordisk språkvitenskap ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo. Han har skrive fleire lærebøker, både for universitets- og høgskolesektoren og for vidaregåande skole. I Kulturveka 2012 deltok han på markeringa av vallemal.no sitt 10-årsjubileum med foredraget Vallemålet, - nærare kjem du ikkje gamalnorsk i dag.

Verv

Arne Torp var medlem av Norsk Språkråd i fleire år og han har vore med i mange radio- og fjernsynsprogram, bl.a. i Typisk norsk på NRK. Han var leiar av Landslaget for språklig samling frå 1989 til 1993, deretter var han redaktør av bladet Språklig samling i ti år.

Bibliografi

  • Femti år for folkemålet : utvalgte artikler fra bladet Språklig samling - (redaktør) - Landslaget for språklig samling, 2009 ISBN 978-82-303-1311-4
  • R – ei urokråke i språket Samlaget 2007 ISBN 978-82-521-7000-9
  • Gjerstadmålet Gjerstad historielag 2005 - ISBN 82-992510-3-6 (ib.)
  • Hovuddrag i norsk språkhistorie Saman med Lars S. Vikør. Gyldendal akademisk 2003 ISBN 82-05-31592-2

Eksterne lenker