Hopp til innhald

Haust

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. juni 2020 kl. 23:57 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Haust)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Haust er eit dikt av Ellen Lien

Teksten

Kaldt regn mot glasruta slær.
Snøen eg alt på heiane ser.
Kvar vart dei av blomar og blad?
Vinden tok dei, og bles dei avstad.

Stormen som var her forrige veke
hev alle geroginene mine teke.
Heile planter med rot rivne opp,
gule og raude med blomar og knopp.

Men hausten er no eingong slik.
Den gjev og den tek, men gjer oss rik.
Sår me eit frø, så mykje me fær.
Kjellaren er full av grnnsak og bær.

Sauene ned ifrå heia har kome,
men det er det leie at borte ersome.
Enno me vonar me finn dei att
so dei slepp å fryse i vinternatt.

Kjelde