Hopp til innhald

Gå til Jesus, kvar og ein

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. mars 2020 kl. 17:02 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Gå til Jesus, kvar og ein)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Gå til Jesus, kvar og ein er ein sang av Fanny Crosby. Den er omsett av Anders Hovden. Fanny Crosby skreiv songen i 1871. Engelsk tittel var Mourner, where so'er thou art. Sangen vart første gong prenta i Royal Diadem i 1873. Melodien er laga av Robert Lowry i 1874.

Sangen er også om sett til bokmål av Elevine Heede med tittelen Gå til Jesus, hvem du er.

Siste linja blir gjenteken i kvart vers: Ved hans kors er rom. Bakgrunnen for denne linja ligg i ei fortelling som Fanny Crosby høyrde: Det var ei ung jente som gjekk forbi eit Frelsesarmelokale der dei sang og talte. Og der fekk ho høre orda: «Ved hans kors er det rom». Ho hadde ikkje tenkt på å bli noen kristen, men akkurat der og da sa ho ja til Jesus. Senere vart ho offiser i Frelsesarmeen, skriver Nils Dybdal-Holthe.

Sangen stod i sangboka Zions Harpe, ei sangbok som Elevine Heede ga ut. Dette var ei sangbok som revolusjonerte sangtradisjonen i Norge. Før hadde det mest vore salmer, gjerne i tysk tradisjon. Den angloamerikanske verda med meir åndelege viser kom no inn i den kristne sangen i Norge.

Kjelder

Eksterne lenker