Storebekk kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. oktober 2012 kl. 12:35 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Storebekk kraftverk)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Storebekk kraftverk er eit privat småkraftverk i Evje og Hornnes kommune. Det vart bygd i 2004 av Eco Bygg. Hasso Hannås er dagleg leiar og eigar. Det er dam på heia og kraftstasjonsbygg ved Øvre Dåsvatn. Fallhøgda er 265 meter og røyrgata er 1900 meter. Opprinneleg vart det sett inn ein vertikal peltonturbin med tre stråler frå Fadum tekniske i Drammen på grunn av linjekapasiteten. Men då dei ytre føresetnadene endra seg, vart turbinen bytta ut med ein turbin med fem stråler. Den opprinnelige generatoren er flytta til Nasvatn i Tovdal og turbinen med kontroll-anlegg er flytta til Veiåni i Åseral.

Kjelde

Eksterne lenker