Hopp til innhald

Luznava Quadrille Group

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. juli 2019 kl. 11:14 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Luznava Quadrille Group)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Lüznava Manor

Luznava Quadrille Group (Quadrille group of Lüznava Manor) er ei dansegruppe frå Latvia. Gruppa deltok på Setesdalsfestivalen 2019. Gruppa kjem frå Lüznava og vart etablert i 2016 for gjennom dans, musikk og kostymer å ta vare på atmosfæren frå tidleg i det 20. århundre, då Lüznava Manor, herskapshuset der gruppa held til, vart bygd.

Frå 1700-talet og fram til tidleg på 1900-talet var kvadrille ein tradisjonell dans i sosiale samlingar og ball over heile Europa. I Latvia og særleg i Latgale-regionen har dansen vore populær på festar og dansekveldar. Det er ein dans for to eller fire par.

Luznava Quadrille Group har med både erfarne og uerfarne dansarar frå Rëzekne-området. Målet for gruppa er å halde tradisjonen til kvadrilledansen levande og introdusere verdiane til latvisk kultur og tradisjon innan musikk, folkedans, instrument og drakter frå tidleg på 1900-talet for det moderne samfunnet. Gruppa deltek aktivt i sosiale samlingar, dansearrangement og festivalar. Leiar for gruppa er koreografen Inga Zirgule.

Kjelder

  • Omtale av gruppa i epost frå Iveta Balčūne, Manager of Luznava Manor