Klengstoga

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. september 2012 kl. 13:27 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Klengstoga)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Klengstoga vart sett opp i 1925 då Håkon Sætrang var amtsskogsjef og lærar på jordbruksskulen i Bygland. Han fann ut at det var naudsynt å setje ut fiskeyngel i heievatna og å plante skog.

Kjellaren er i betong og vart nytta til klekkeri for småfisk som skulle setjast ut i heievatna. Andre høgda vart nytta til å klengje. Der vart det sett opp kassar med nettingbotn som dei la konglar oppi i gjennomtrekk for å turke slik at frøa kunne drysse av. Frøa vart sådde på planteskulen, mellom anna bak det gamle heradsuset i Bygland. Dei dreiv på med klengjing til 1947.

Klengstoga står aleine att mellom skulen og heradshuset der museet var tidlegare. Planen er vel å flytte også dette huset ned til museumsområdet. Kan hende kjem det med på budsjettet for 2013.

Kjelde