Dysje
Dysje ligg på nordsida av Bossvatn i Bykle kommune, nesten heilt oppe i vestenden. I vest grensar garden mot Brotteli, på austsida mot Bratteland. Heile dette området vert kalla Botnen.
Garden vart delt i to bruk, Øvre Dysje og Nedre Dysje i 1815. Men Nedre Dysje vart i 1908 selt til Thorvald Heiberg og vart ein del av Njardarheim, så der var det ikkje folk då gardane vart lagde under vatn.
Dei siste som budde i Dysje var Tarjei Bratteland og kona Ingebjørg Bratteland. Dei flytta frå Dysje i 1954. Sidan vart eigedomen brukt til feriestad til oppdemminga av Bossvatn midt på 1970-talet. I 1969 overtok Helleik Bratteland eigedomen. Han budde i Vågsbygd. I 1999 overtok dottera Åse Klungland eigedomen. Dei andre barna til Tarjei og Ingebjørg fekk frådelt fritidseigedomar på garden før Helleik overtok.