Hopp til innhald

Terje Emblemsvåg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 10. mai 2012 kl. 20:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bilde)
Terje Emblemsvåg spelar banjo i Marnardal 2012

Terje Emblemsvåg (fødd 22. februar 1976 i Volda) bur på Bygland. Han er gift med Karna Emblemsvåg. Terje Emblemsvåg er ein av aksjonærane i Valle Modellverkstad, der han arbeider med marknadsføring og sal. Han har utdanning som møbelsnekker, trebåtbygger og modellbygger og har arbeidd hos Huseby møbler, Kragerø Trebåtbyggeri, LN Yachts i Risør og Røssberg båtproduksjon før han kom til Vestas Valle Modellverkstad. Då Vestas la ned Valle Modellverkstad, etablerte dei tilsette ny drift.

I tillegg til arbeidet på Valle Modellverkstad er Terje Emblemsvåg aktiv musikar og spelar i Setesdal Roots Band og andre musikkgrupper med utgangspunkt i Bygland.

Kjelde