Kjell Inge Davik
| Kjell Inge Davik | ||
|---|---|---|
| Født: | 14. juni 1966 (59 år) | |
Kjell Inge Davik (fødd 14. juni 1966) er regionvegsjef i Vegvesenet region sør frå 2011. Regionen omfattar Buskerud, Vestfold, Telemark, Aust-Agder og Vest-Agder. Han er frå Nordstrand, er son til Ingebrigt Davik, som i mange år hadde Barnetimen i NRK. Han gjekk ut av Nordstrand gymnas i 1985, deretter studerte han på Høgskolen i Ålesund til 1987. Frå 1990 til 1993 utdanna han seg til sivilingeniør på University of Surrey i England. I tillegg har han mastergrad i ledelse- og managementfag fra Handelshøgskolen BI 1998-2001.
I fleire periodar arbeidde han i Statens vegvesen, både i Statens vegvesen Møre og Romsdal, Vegdirektoratet og Statens vegvesen Vest-Agder. Frå 2002 til 2008 var Kjell Inge Davik regiondirektør i Mesta, deretter var han administrerande direktør for tunnelselskapet Mika i to år. Etter to år som sjefsingeniør i Vegdirektoratet vart han regiondirektør i 2011. Region sør har om lag 1100 tilsette og eit årsbudsjett på sju milliardar.
Den svært fotballinteresserte vegdirektøren var i fire år, frå 2007 til 2011, leiar av fotballklubben Pors i Porsgrunn, der han bur. 21. april 2017 hadde han foredraget «Hit eit steg, og dit eit steg - dansar me opp på Setesdalsveg» på Setesdalskonferansen 2017