Knut Buen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. april 2017 kl. 21:43 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Knut Buen)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Knut Buen
20. april 2017 hadde Knut Buen (t.v.)
programmet «Rosemåla stændøpp»
Setesdalskonferansen 2017
saman med Styrk Fjærtoft
Født: 31. oktober 1948 (77 år)

Knut Buen (fødd 31. oktober 1948) er ein spelemann og folkekunstnar som bur i Tuddal.

Arbeid og bakgrunn

Knut Buen starta Buen Kulturverkstad i 1984. Han driv også Tuddal Amfi og Tonehall og starta kafeteria og kulturbygget Knutepunktet i 1994.

Bare 16 år gammal vann han landskappleiken for første gong, og sidan har han vore ein aktiv utøvar. Han vann A-klassen i 1983 og 1986. I tillegg til å vere spelemann er han kåsør, forfattar, rosemålar, komponist, forleggar og impresario innan folkekunst og folkekultur. I 1998 vart han æresmedlem i Landslaget for spelemenn.

Familie

Knut Buen er son til Anders A. Buen, som også var spelemann og Margit Buen, som var kvedar. Søskena Hauk Buen og Agnes Buen Garnås er også akive folkemusikarar, og dottera Ingebjørg Buen er skodespelar.

Heder

  • Hydros jubileumsstipend
  • Telemark fylkeskommunes kulturpris 1986
  • Statsstipendiat 1989
  • Lindemanprisen 1992
  • Spellemannsprisen 1992 og 1994
  • Ridder 1. klasse av St. Olavs Orden 1999 «for fortjeneste av norsk folkemusikk»
  • Hilmarprisen 2007
  • Gammlengprisen 2008

Diskografi

Han har gitt ut eller medverka på over 100 plater. Eit oversyn finn ein i Nasjonaldiskografien.[1].

Bibliografi

  • Mellom hjertets slag og felas drag : festskrift til Knut Buen. Redaktør: Eivind Blikstad. Telemarksavisa, 1998. ISBN 82-993724-2-9
  • Buen, Knut. Jørgen Tjønnstaul. Buen Kulturverkstad, 1984. ISBN 82-991168-0-5
  • Buen, Knut. "Som gofa spølå" : tradisjonen rundt spelemannen Knut Dahle 1834-1921. Rupesekken forlag, 1983
  • sambok Bøker og artiklar av Knut Buen

Kjelder

Referansar