Sloaros

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 3. mai 2010 kl. 22:37 av 159.171.48.57 (diskusjon) (Turisthytteartikkel)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sloaros er ei turisthytte på 1050 meter over havet i Bykle kommune. Ho ligg ved den austre av di to osane der Langevatn renn ned i Slorarosvatnet. Hytta vart bygd i 1966, sikringsbua i 1983, og begge vart ombygde i 1993. Hytta har 22 senger og det er lagt ut proviant på hytta som ein kan nytte ved sjølvbetjening. Ein kjem til Sloaros ved å gå frå Hovdehytta, først langs bilveg, så langs traktorveg og så langs Hardingvegen til Sloaros.

Namnet

Slo er eit krøttertråkk. Dermed fortel namnet at tråkket krysser eit os.

I gamle dagar kom hestehandlarar frå Hardanger med lange rekker av hestar som dei ville selje i Setesdal. Dei kom etter Hardingvegen frå Røldal om Holmavatn, truleg langs austsida, over Sloaros, gjennom Hardingskardet og Krossloskartdet ned til Breive.

Kart

Sloarosvatnet på kart <googlemap version="0.9" lat="59.647535" lon="7.25544" type="terrain" zoom="14"></googlemap>

Kilde

  • Artikkel om Sloaros i Årbok 1992 - 1996 for Kristiansand og opplands turistforening side 60ff.