Setesdalsgenser

Setesdalsgenser er ein spesiell type lusekofte eller strikka trøye med eit klassisk mønster som har sine røter i Setesdal for omtrent 150 år sidan.[1] Dei eldste spora fins på fotografi frå 1800-talet.[2] På den tida var den ein del av den daglege bunaden, medan den seinare blei ein del av festdrakta for menn. Trøya er då ikkje berre kanta med løyesaum rundt halsen og på armane, men har og sylvknappar på mansjettane og -hekter i halsen.
Lusekofte
Namnet «lusekofte» fekk plagget frå dei einskilde maskene med avvikande farge som pregar hovuddelen av bolen og armane. I tida frå 1930-åra og frametter såg fleire variantar av lusekufta dagens ljos, og omgrepet «lusekofte» tyder i 2012 strikka jakker og trøyer med mønster i fleire fargar sjølv om dei ikkje har ei einaste lus.
Mønsteret
Mønsteret består i hovudsak av tre delar:
- øverst på armane og bolen er ein brei bord som er bygd opp av fleire mindre bordar. Den største borden kallas «kross og kringle».
- så kjem eit stort stykke med lus i kontrastfarge.
- Heilt nederst er det så ein bord bygd opp av mindre bordar igjen og ein vrangbord.
Tradisjonelt var hovudfargen på trøya mørk, med kvitt mønster og ein kvit rand nederst, den delen blei putta ned i buksa. Moderne kofter har som oftast berre ein hovudfarge.
Referansar
- ↑ Sundbø, Annemor: Lusekofta fra Setesdal - setesdalskofta i strikkehistoria. ISBN 82-7634-214-0. side 14.
- ↑ Sundbø side 16.
Eksterne lenker
- Bilete