Mold
Mold er eit dikt av Anders Hovden. Det stod på side 40 i diktsamlinga Sunnmøringen, som Hovden ga ut i 1894 hos Litleré i Bergen. Eyvind Alnæs laga ein melodi til teksten i heftet 6 sanger, opus 22, no. 6. Erling Ragnar Eriksen (piano) og Ann-Beth Solvang (sopran) tok den med på albumet Alnæs: Songs to texts by Heine, Burns and Scandinavian poets (2012).
Sams seng åt alle reidest
der me fær leggja oss ned –
Kyrkjegarden den logne
med eveleg togn og fred.
Livsens lukka er draumar
midt i ei fange-reid.
Livet, det vert når ein vaknar,
audt som ei naki heid.
Livsens voner er skodda
der ein i otte sit.
Men når so lufti klårnar
missa ein må sitt vit.
Kvinnekjærleik er ljuging
yver ei grind av bein.
Innunder femnings-smilet
låg skjelettet og grein.
Brøder, kveik ikkje ljoset,
syn ikkje samanheng.
Lat oss få gå med draumen
til kvild i den store seng.