Løylandsvisa
Løylandsvisa er ei vise av Hallvard N. Løyland (1856-1887), ein valldøl som utvandra til USA og som lengta heim. Han vart drepen av eit lynnedslag i l887. Eivind S. Berg har sunge visa inn på eit opptak for NRK som er teke med på kassetten Kom regn av det høie, som kom ut i 1988.
- 1.
- Om det er tungt om det er bratt
- å fullt av stokk og stein
- Dei gamle vegin gjeng eg att
- og diltar som ein rein
- 2.
- Dei håge heian drage meg
- dei dreg meg som ein song
- Eg må av stad det kjenner eg
- å helse dei ein gong
- 3.
- Dei heian' lyt eg atter sjå
- eg såg som liten gut
- Og alle berg og steinar små
- ja, kvar ein, kvar ein nut
- 4.
- I lii lyt eg setje meg
- og sjå i kvæven inn
- Og tenkje på den dag då eg
- der gjætte bukken min
Kjelde
- Tekst og opplysningar gjeve av Harald B. Knutsen i Agder Folkemusikkarkiv 25. januar 2012