Eg sit og skodar yvi fjell og dalar
Utsjånad
Eg sit og skodar yvi fjell og dalar er ein sang av Eivind S. Berg. Sangen finst på kassetten Kom regn av det høie frå 1988. Han er samansett av fire stev.
- 1.
- Eg sit og skodar yvi fjell og dalar
- det er som alt i naturen talar
- Eg høyrer susing i lund og li
- det vekkjer lengslo i bringun mi
- 2.
- Når våren liksvøpet sunde sprengjer
- det stiller opp mine hjartestrengjer
- Eg høyrer livet sin fagre song
- som fyr eg høyrde so mang ein gong
- 3.
- Når fløyta vent borti lii lilla
- det er så tåron or augon trillar
- Eg høyrer fuglan' dei syng i kor
- for denne fagerdom fins 'kje ord
- 4.
- Men i dette finns 'kje den sanne lukka
- men midt i alt må du fredlaus sukka
- Om du skal lukka i livet få
- ja, då må du inn i Guds kjærleik sjå
Kjelde
- Tekst og opplysningar gjeve av Harald B. Knutsen i Agder Folkemusikkarkiv 25. januar 2012