Helsing til Eivind S. Berg
Helsing til Eivind S. Berg er eit dikt Knut F. Uppstad skreiv til Eivind S. Berg. Diktiet finst i omslaget til kassetten Kom regn fra det høie som Valle kulturstyre gav ut i 1988
Diktet
- Du skriva ditt namn med toner
- og song deg i hjarto inn
- og tende dei ljose voner
- med spelet og songen din.
- Du bar dei på mjuke venger
- tonar frå foss og fjell.
- Det nådde dei djupe strengjer
- som ljodlaust i hjarta skjelv.
- So fagert du song om bygdi
- og heimen der vogga stod.
- Men kjæraste var no songen
- om Frelsarens sår og blod
- Om strengjene her må tagne
- ved jordlivets solefall,
- dei framleis i fryd og fagnad
- skal ljome i æva all