Svein Hjorth-Olsen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. desember 2011 kl. 22:57 av 85.165.90.223 (diskusjon) (Biografi)
Hopp til navigering Hopp til søk

Svein Hjort-Olsen (født 1953) er næringssjef i Bykle kommune frå 2010. Han tok til i stillinga våren 2010.

Biografi

Svein Hjorth-Olsen er utdanna maskiningeniør og siviløkonom og har hatt fleire leiarstillingar innan ulike bransjar - det meste av tida innan olje og offshore, men han har også vore økonomisjef i Hennig-Olsen IS.

Som gründer har han stifta selskap innan olje/offshore og innan medieovervåking. Han har brei erfaring innan styrearbeid og har dei siste 10 åra vore styreleiar for Idrettsfinans AS - idrettens eigen forrretningsorganisasjon. Sidan 2006 har han vore styreleiar i Aust-Agder Turistforening (tidlegare AOT).

I Bykle kommune vert hovudområdet for den nye næringssjefen generell næringsutvikling. Han skal vere den administrative kontaktpersonen mellom næringslivet og kommunen og skal ha ansvar for sakshandsaming i næringssaker.

Bykle og Hovden Vekst sine oppgåver i tida som kjem vert: prosjektgjennomføring, rådgivingsoppgåver og forvaltning av næringsbygg. Det vil vere eit nært samarbeid mellom næringssjefen og Bykle og Hovden Vekst.

Eksterne lenker