John Aune

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. mai 2015 kl. 22:50 av Helland (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
John Aune
Født: 3. mai 1887
Død: 6. mars 1964 (76 år)

John Aune (fødd 3. mai 1887 i Rennebu) var prest i Valle prestegjeld frå 1917 til 1923. Han var son av ein gardbrukar og gjekk vinteren 1904-1905 på Fredly folkehøgskole. Deretter begynte han på Levanger lærarskule for å verte lærar, men slutta der då mor hans vart sjuk. Etter at ho døydde, begynte han på mellomskule i Volda. Sidan studerte han teologi og vart cand.theol. i 1916. Etter å ha teke praktikum vart han utnemnd til sokneprest i Valle og kom til Valle 24. januar 1917. I 1918 gifta han seg med Gyro Åkre.

I hans tid skipa Torjus Åkre Valle ungdomslag, og Aune støtta dette arbeidet både med å tale på møta deira og ved å kausjonere for banklån til ungdomshus. I desse åra var det og ei vekking i Valle ved emissærane Tobiassen og Gerdal frå Kinamisjonen. Dei skipa Kinamisjonslag og hadde fri nattverd, så det var grunnlag for strid i kyrkja. Dette var nok ein viktig grunn til at han søkte seg bort frå Valle. I 1923 fekk han stilling som sokneprest i Surnadal, der han og var prost. Sidan kom han til Melhus.

Kjelder