Carl-Otto Schiørn
| Carl-Otto Schiørn | ||
|---|---|---|
| Født: | 1938 (alder 87–88) | |
Carl-Otto Schiørn (fødd 1938) bygde opp Hovdestøylen, som opna i 1982. Saman med kona Tuls Schiørn dreiv han Hovdestøylen til 2006, då dei selde hotellet og flytta til Oslo. Før han bygde opp Hovdestøylen, var Schiørn direktør ved Hovden Høyfjellshotell frå 1970 til 1977. I den tida oppnådde han lønsam drift på hotellet, og var difor interessert i å overta hotellet gjennom å kjøpe ut dei andre eigarane. Det lukkast ikkje og difor etablerte han sitt eige hotell.
Kjelde
- Hovdestøylen hotell på lokalhistoriewiki.no frå artikkelen i Heimar og folk i Bykle