Samuel Tveit

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. oktober 2014 kl. 19:00 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Samuel Tveit)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Samuel Tveit
Født: 16. mai 1866
Død: 31. mai 1957 (91 år)

Samuel Tveit ( fødd 16. mai 1866, død 31. mai 1957) var ein kunstmålar frå Sauda som var mykje i Setesdal. Han blir sagt å vere «den største kunstmålaren Sauda har fostra». Han gjorde også internasjonal karriere og vann mellom anna bronsemedalje på verdsutstillinga i Paris i 1900 for maleriet «Fattiggutten». Han var naturalist med både impresjonistiske og nasjonalromantiske innslag, og han teikna både folk og natur frå Setesdal. Samuel Tveit begynte som husmalar i Sandnes for å tene pengar til Kunstakademiet. Deretter gjekk han på skule i Tyskland og Danmark. I Danmark lærte han å laga altertavler. Fire kyrkjer i Norge har altertavler laga av saudabuen.

Saman med kona Anna Tveit og sonen Eigil budde dei det meste av tida på eigedommen Tinghaug i Saudasjøen. Før Eigil Tveit døydde overlot han eigedommen med innbu til Sauda kommune.

Bjørneskyttaren Bjørn Kvæste

Ei teikning av bjørneskyttaren Bjørn Kvestad vart i 2014 bydd ut for sal av Mari Syrtveit i Kristiansand. Far hennar, tannlege Torgeir Syrtveit hadde kjøpt av kunsthandlar Andreassen i Stavanger.

Eksterne lenker