Hopp til innhald

Tallak Hoslemo

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 5. oktober 2014 kl. 18:45 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Tallak Hoslemo
Født: 1. mars 1956 (70 år)

Tallak Hoslemo (fødd 1. mars 1956) er rådmann i Bykle kommune. Han vaks opp på Hoslemo og gjekk på Oddernes gymnas i Kristiansand. Han utdanna seg til revisor ved Agder distriktshøgskole i Kristiansand og arbeidde der ei tid før han flytte tilbake til Bykle og dreiv rekneskapskontor der. Så var han nestleiar i Sparebanken Sør Bykle ein periode før han begynte som økonomikonsulent i Bykle. Der har han sidan vore kommunekasserar og økonomisjef før han vart rådmann.

Kjelde

  • Informasjon gitt 14. desember 2011