Ingrid Geithus

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. oktober 2014 kl. 18:10 av Helland (diskusjon | bidrag) (Personmal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingrid Geithus
Født: 31. desember 1920 (105 år)

Ingrid Geithus (fødd 31. desember 1920 i Bremanger) er ein forfattar på Setesdalsforlaget. Boka Ferdaskrinet kom ut i 2010. Ho vart gift til garden Geithus som ligg ved Sognefjorden mellom Finnafjord og Arnafjord. Garden var veglaus, og då mannen hennar døydde i 2007, kunne ho ikkje bu heime lenger, så då flytta ho til ein son som budde i Vik i Sogn. Her vart ho med i Skrivelaget for Sogn og Fjordane, og då fekk ho eit sosialt fellesskap for skrivinga si. Tidlegare hadde ho bare skrive for skuffa, med unntak av songar til bruk ved merkedagar i familien.

Bibliografi

  • Ferdaskrinet Dikt. Setesdalsforlaget 2010. ISBN 978-822-92441-24-4

Kjelder

  • Informasjon i føreord til boka.