Hopp til innhald

Åseral Tradisjonsmat

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 12. oktober 2011 kl. 10:36 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Åseral Tradisjonsmat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Åseral Tradisjonsmat var ei bedrift på Egså i Åseral som dreiv i ti år, men som avslutta i 2011. For kort sesong og for låg inntening var årsaka til at dei slutta av. Arnfinn Nesland og Siv Røysland dreiv med salting og røyking av sauekjøt og selde pinnekjøt og fenalår og anna turka sauekjøt. På det meste selde dei 550 lam på ein sesong, men det vart lite overskot til å ta ut løn frå firmaet, så sjølv om varene var mykje omtykte og omdømmet til firmaet var godt, avvikla dei verksemda.

Kjelde