Store Bjørnevatn

Store Bjørnevatn er eit vatn i Valle kommune. Det ligg 803 moh og er 2,39 km² med ein omkrins på 13,74 km. Når ein fylgjer Riksveg 45 frå Rotemo mot Dalen, køyrer ein på nordsida av Store Bjørnevatn. Bjørnevasshytta, som er ei ubetjent turisthytte med 32 senger, ligg 50 meter frå vegen og har flott utsikt over vatnet.
På nordsida av vatnet er det svært mange hytter. I 2008 gjennomførte VAFA eit oppfiskingsprosjekt i austenden av vatnet. Det vart fiska med 12 småbendte garn i to periodar, og etter dette vart det seld fiskekort i Store Bjørnevatn aust for Hola og i Kyrelitjørn.