Onn
Onn er eit dikt av Ingvald Langemyr. Det stod i Setesdølen nr. 43, 2002 side 3
<poem> Før i tida stod kvinner på trappa og ropa folket på åkeren eller jordet heim til mat.
Hugsar Store-Anna, ho hadde så kraftig eit mål. Alltid vart ho sendt ut for å rope folka heim.
I dag stend ikkje kvinner på trappa og ropar heim. Det ville ikkje nytte heller. Mannen på traktoren er døv, med øyreklokker og larmen frå maskinen han sit på. <poem>