Ragnar Hovland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. juli 2015 kl. 10:24 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Ragnar Hovland)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ragnar Hovland
På Bjørnsonfestivalen i 2006.
Foto: Erik Newth
Født: 15. april 1952 (74 år)

Ragnar Hovland (fødd 15. april 1952) er ein norsk forfattar, dramatikar og omsetjar. Han deltok på Landeskogen Litteraturfest 2015.

Hovland er fødd i Bergen og budde fleire stader på Vestlandet då han vaks opp. Han er dotterson til biskop Ragnvald Indrebø, og far hans var også prest. Gymnastida hadde han i Stavanger, deretter studerte han engelsk, fransk og litteraturvitskap på Universitetet i Bergen frå 1972 til 1980. I fire år frå 1980 til 1984 var han lektor på Husnes i Sunnhordland, frå 1987 til 1992 var han lærar på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Deretter fekk han base i Oslo, der han i tillegg til forfatterskapen arbeidde som forlagskonsulent i Det Norske Samlaget som har gjeve ut bøkene hans. I tillegg til å vere forfattar er han og musikar, han spelar keyboard og syng i bandet Dei nye kapellanane.

Eksterne lenker

Eit oversyn over produksjonen hans, som omfatter over 40 bøker, kan ein finne på Wikipedias artikkel om Ragnar Hovland