Grendi Handel
Grendi Handel vart stifta i 2007 og hadde offisiell opning 1. desember 2007 etter å ha vore i drift eit par veker før det. Aksjeselskapet selde på få dagar aksjar for 300.000 kroner. Målet er å drive nærbutikk i Grendi. Tone Ingjerd Omnes var dagleg leiar. Butikken hadde i 2010 ei omsetning på 4,592 millionar og eit overskot på 91.000 kroner. Dei to første åra var det underskot på drifta.
Styret
- Oddvar Omnes, styreleiar
- Arna Bakke, styremedlem
- Sigrid Sordal Homme, styremedlem
- Tone Ingjerd Omnes, styremedlem
- Gunnar Gautland, styremedlem
- Mikkjel Skjevrak, styre, varamedlem
- Øyvind Lien, styre, varamedlem
Kjelder
- Oddvar Omnes: Ny butikk i Grendi. Artikkel i Setesdølen nr. 95, 2007 side7