Guri Enger

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juni 2025 kl. 19:33 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (→‎Kjelde: lenkefiks)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Guri EngerSymbol unrelated.svg
Født: 1960 (alder 64–65)

Guri Enger (fødd 1960) var misjonær i Mali for Normisjon. Ho vaks opp i Sigdal og gjekk på gymnas på Gol. Så tok ho lærarskole på Elverum. I 1988 var ho blitt lærar på ungdomsskolen i Koppang. Der utfordra ein tilsett i Santalmisjonen henne til å verte lærar på ein norsk skole i utlandet. Så fekk ho to år som lærar i Nepal. Etter å ha kome heim frå dette arbeidet, reiste ho i 1995 til Mali der ho arbeidde med lese- og skriveopplæring på landsbygda.

I Nepal hadde ho lært seg nepali, i Mali var språket kasonké. Ho lærte seg det også og vart involvert i arbeidet med å omsette Bibelen til dette språket. Frå 2006 leia ho arbeidet med å omsette Det gamle testamentet (GT). Til det trong ho meir skulegang og reiste tilbake til Norge for å studere hebraisk og GT. På grunn av uro i Mali måtte ho sidan flytte arbeidet til Senegal og så tilbake til Norge, men då med jamne besøk til Mali. I 2020-22 tok ho så praktikum og ordinert til prest. Så vart ho tilsett som sokneprest for Vingrom og Saksumdal.

Kjelde