Elin Vigdis Bjørnerud

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. januar 2024 kl. 21:36 av Unn Hovden (diskusjon | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk

Vigdis Brodersen Ruud vart fødd i Oslo I 1938 som dotter av Inger Gull og Martin Peder Ruud. Ho kom til Hovden i 1966, saman med dåverande ektemann, Herbert Bachmann (1935-2015), for å drive Hovden Høyfjellshotell.

Det første Hovden Høyfjellshotell opna i 1937 og var på den tida landets største hotell. Det blei drive fram til krigen i 1940 og i løpet av krigsåra blei det delvis okkupert av den tyske krigsmakta. Etter krigen blei hotellet restaurert og skulle opnast i 1946, men brann ned dagen før opninga. På branntomta blei det nye Hovden Høyfjellshotell bygd og dette opna 1. juni 1967. Saman med opninga av eit moderne Hovden Skisenter i 1968, var dette starten på den moderne reiselivshistorien på Hovden.

I 1970 opna Herbert og Vigdis serveringsstaden Triangel Sportell, og dreiv denne verksemda saman til 1975.

Kjelder: https://hovden.com/hovden-gjennom-50-ar/60-tallet/hovden-hoyfjellshotell/ https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Setebo_(Bykle_gnr_2/113)