Bjørnevatn løypelag
Bjørnevatn løypelag er ei forening som vart stifta 13. mai 2011. Formålet til laget er å kjøre opp skiløyper i Bjørnevassområdet. Kontaktperson er Karl S. Fredriksen, som også er styreleiar i laget fra hausten 2018. Med seg i styret har han Steinar Åsan (hytteeier) Tor D. Lunden (repr Gardane) Hege T. Rygnestad (repr. Rygnestad) Erling Sagneskar, repr. og leiar Valle IL] og Ånund H. Flateland (Repr. Flateland)
Laget overtok løypemaskin frå Valle IL for å køyre opp nærare 3 mil med skiløyper. Det har vore eit par år med ugrei maskin og løypetilhøve. Med løypekøyrer Torleiv Løyland tilbake på maskina har vinter 2018/19 fungert bra. Planen pr våren 2019 er å skille ut ei kommunal tomt fra Statens vegvesen attmed avfallsbua ved Blåsteinsåni og at løypelaget bygger garasje på dugnad sommaren 2020, både kommunen og Valle sparebank bidreg med tilskot i finansieringa. Løypelaget jobber nå ut fra Valleordførar Steinar Kyrvestad sitt initiativ med å få til ei kontrakt på løypekøyringa med eit firma fra vinteren 2020/21. 17. og 18. august i år (2019) blir det dugnad for å få til ei betre løype ved Revstjørn, saman med tiltak ved Bakkebu siktar ein på at Bakkebuløypa får glede av skikkelige maskinspor slik det har vore i Ugledalen og i Bjørnevasslådi.
Tidlegare medlemmar i styret
Fram til hausten 2018 var Stein Bjarne Skaar kontaktperson og styreleiar. I styret satt då Steinar Åsan, Tor D. Lunden, Tor Gunnar Hovet, Jon Ola Rysstad og Ånund H. Flateland.
Kjelder
- Ole Birger Lien: Løypemaskina på Bjørnevatn ikkje i bruk. Artikkel i Setesdølen nr. 27, 2018 side 5
- Om Bjørnevatn løypelag hos proff.no