Valle min heimstad: Skilnad mellom versjonar
Hopp til navigering
Hopp til søk
Valle min heimstad |
melodien |
||
| Line 40: | Line 40: | ||
:Me stend kring Valle som levande hegn. | :Me stend kring Valle som levande hegn. | ||
:Du sende vokster og solljos og regn. | :Du sende vokster og solljos og regn. | ||
==Kjelde== | ==Kjelde== | ||
*[[Jol i Setesdal 1962]] side 25 | *[[Jol i Setesdal 1962]] side 25 | ||
==Eksterne lenker== | |||
*[http://www.youtube.com/watch?v=5MEi67qsIWM&feature=related Melodien Astrid mi Astrid] | |||
[[Kategori:Bygdesanger]] | [[Kategori:Bygdesanger]] | ||
Versjonen frå 21. mai 2012 kl. 16:30
Valle min heimstad er Valle-songen som vert mest nytta. Han er skriven av Torjus Aakre og går på melodien Astrid, mi Astrid.
Teksten
- Valle min heimstad du spelar no basen
- mellom dei bygder som kjenner til.
- Ikkje i by eller venaste stasen,
- nei takk og nei, om eg byta no vil.
- Her var det mor song sin venaste song,
- her er det tanken å kvila ein gong.
- Fjelli i vest stend som storslegne murar
- lauvtunge lier seg kviler i aust.
- Otra i dalbotnen durar og brusar,
- sullar og syng både sumar og haust.
- Åkrar og ækror og gardar og tun,
- her ligg og heimen min, solvarm og lun.
- Her kytte Åsmund og Orm og dei hine,
- her sleit han papa, og her streva mor.
- Omhug dei sytte for seg og for sine,
- hegna om arven i gjerd og i ord.
- Alt som eg eig i frå dei eg det fekk.
- Gjev at eg aldri må skutra det vekk.
- Visst er her steinar som endå lyt sprengjast
- Væte som kjøler og tappast lyt ut.
- Aldri som før kan det naudeleg trengjast
- hovud og hjarta hjå møy og hjå gut.
- Hugheilt så gjev me kvarandre vår hand,
- trugne mot Valle og heile vårt land.
- Signe då Gud både unge og gamle,
- Signe vårt arbeid, vår glede og sut!
- Du som er sterk lyt og viljane samle
- so me kan trolli or bygdi få ut.
- Me stend kring Valle som levande hegn.
- Du sende vokster og solljos og regn.
Kjelde
- Jol i Setesdal 1962 side 25