La Skagebrua leva (dikt): Skilnad mellom versjonar

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
La Skagebrua leva
 
Harald Haugland (diskusjon | bidrag)
lenker
Line 1: Line 1:
'''La Skagebrua leva (dikt)''' er eit dikt som Gunnar Hillestad las opp for Valle kommunestyre i 1993 i samband med aksjonen for å ta vare på den gamle [[Skagebrua]].  
'''La Skagebrua leva (dikt)''' er eit dikt som [[Gunnar Hillestad]] las opp for [[Valle kommunestyre]] i 1993 i samband med aksjonen for å ta vare på den gamle [[Skagebrua]].  


;Melodi: Ein båt i stormen duva
;Melodi: Ein båt i stormen duva

Versjonen frå 27. juli 2016 kl. 11:44

La Skagebrua leva (dikt) er eit dikt som Gunnar Hillestad las opp for Valle kommunestyre i 1993 i samband med aksjonen for å ta vare på den gamle Skagebrua.

Melodi
Ein båt i stormen duva

Lat Skagebrua leva,
den er så ven og fin;
og ikkje lat den riva
til skrap og ingenting.
I Brooklyn bur ei syster,
i Golden Gate ein bror.
Ho er i slekt med båe,
litt mindre enn dei to.

Blar me i gamle minne
og tenkjer på den tid
då brua blei invgde
og paret glei forbi,
då brureparet køyrde
sin fyrste vigseltur.
Det var ein draum å leva,
ei bru(r) så fin og ny

Og når turistar kjeme,
dei smiler når dei ser
ei bru av gamalt merkje
dei kjenner att frå før.
Me har 'kje mange av dei,
ho er eit sjeldan syn.
No har me denne sjansen
ei gammal bru så fin.

Og kan me og dra nytte
av gamlebrua vår.
Ein sykkelveg å sykle,
ein veg å gange på,
då vil nok mange fare
i tryggleik glad her inn
mens bilane der oppe
dei spolar og dei spinn

Og om det kostar noko
å halde ho i stand,
så blir det mykje mindre enn
då tungtrafikken rann.
No skal me berre gange,
og sidan stanse opp,
på gamlat kan ein kysse
forutan motorstopp.

Så vonar me det nyttar
å sende desse vers
til formannskap og styre
forutan meir kommers.
Den tette, gode nærleik,
dei talar med sitt mål,
eit verk av kunst og kjærleik,
eit ekteskap av stål

Kjelder