Smør som julegave: Skilnad mellom versjonar
orto |
to kg |
||
| Line 2: | Line 2: | ||
'''Smør som julegave''' dukka opp som ein idé då det synte seg at det vart smørmangel hausten 2011. Mange slo seg på lågkarbodiett med mykje smør i kosten, og då sommaren 2011 var dårleg, og det difor vart mindre mjølkeproduksjon enn planlagt, klarte ikkje TINE Meierier å levere nok smør. Smørmangel førte til hamstring, og butikkhyllene vart tome over det meste av landet. | '''Smør som julegave''' dukka opp som ein idé då det synte seg at det vart smørmangel hausten 2011. Mange slo seg på lågkarbodiett med mykje smør i kosten, og då sommaren 2011 var dårleg, og det difor vart mindre mjølkeproduksjon enn planlagt, klarte ikkje TINE Meierier å levere nok smør. Smørmangel førte til hamstring, og butikkhyllene vart tome over det meste av landet. | ||
[[Lars Liset]] tenkte at han kunne lage ei original jolegåve. Han sende ut spørsmål om det var nokon som hadde smørform og fekk låne ei smørform av [[Elisabeth Westergård]] og mannen hennar på [[Rysstad]]. Det var ei smørform med kongeleg monogram frå 1788, og snart var han i gang med produksjonen. Det går 22 pakkar fløte til ein pris av 438 kroner og rømme for ein femtilapp for å lage ei heil form med smør, om lag | [[Lars Liset]] tenkte at han kunne lage ei original jolegåve. Han sende ut spørsmål om det var nokon som hadde smørform og fekk låne ei smørform av [[Elisabeth Westergård]] og mannen hennar på [[Rysstad]]. Det var ei smørform med kongeleg monogram frå 1788, og snart var han i gang med produksjonen. Det går 22 pakkar fløte til ein pris av 438 kroner og rømme for ein femtilapp for å lage ei heil form med smør, om lag 2 kg. Oppskrifta frå ''Kjerringa med staven'' seier «åtte potter rømme, fire merker smør». 1 merke er på 249 gram og med ei form på 8 merker vert det 1992 gram, altså 2 kg. | ||
[[Kategori:Produkter fra Setesdal]] | [[Kategori:Produkter fra Setesdal]] | ||
Versjonen frå 18. desember 2011 kl. 02:20

Smør som julegave dukka opp som ein idé då det synte seg at det vart smørmangel hausten 2011. Mange slo seg på lågkarbodiett med mykje smør i kosten, og då sommaren 2011 var dårleg, og det difor vart mindre mjølkeproduksjon enn planlagt, klarte ikkje TINE Meierier å levere nok smør. Smørmangel førte til hamstring, og butikkhyllene vart tome over det meste av landet.
Lars Liset tenkte at han kunne lage ei original jolegåve. Han sende ut spørsmål om det var nokon som hadde smørform og fekk låne ei smørform av Elisabeth Westergård og mannen hennar på Rysstad. Det var ei smørform med kongeleg monogram frå 1788, og snart var han i gang med produksjonen. Det går 22 pakkar fløte til ein pris av 438 kroner og rømme for ein femtilapp for å lage ei heil form med smør, om lag 2 kg. Oppskrifta frå Kjerringa med staven seier «åtte potter rømme, fire merker smør». 1 merke er på 249 gram og med ei form på 8 merker vert det 1992 gram, altså 2 kg.