Vidar Toreid
| Vidar Toreid | ||
|---|---|---|
| Født: | 29. september 1947 (78 år) | |
Vidar Toreid (fødd 29. september 1947) var distriktslege og seinare kommunelege i Bygland frå 4. januar 1977 til 2008. Legeutdanninga gjennomførte han på Island.
Han sa opp fastlegeavtalen fordi han ikkje lenger fekk lov til å arbeide med privat pasientpraksis på det kommunale legekontoret. Han blei etterkvart også sagt opp som smittevernlege i Bygland.
Etter at han slutta i legestilinga i 2008, har han arbeidd som vikarlege i Åseral, Hægebostad, Audnedal, Marnardal og Eiken. Dessutan har han stadig hatt oppdrag for Norsk Pasientskaderstatning for å lage faglege uttalar til saker som vert handsama der. Han er og med i legevaktsamarbeid for kommunane i indre Vest-Agder. Han har søkt ei rekke utlyste legestillingar i kommunane i Setesdal, minst 15 seier han sjølv. Men han har aldri fått nokon av desse.
Vidar vaks opp i Valle. Han har ei stor interesse for folkedans og kveding, og for målsaka. Han har også vore ein sentral person i Bygland helselag. Han har vore med i idrettslaget på Bygland, og i ungdomslaget. Han var formann i Setesdal sogelag i fem år, frå 2018 til mars 2023.
Kjelder
- Sigurd Haugsgjerd: -Får ikkje så mykje som ein vikartime på skulen eingong. Artikkel i Setesdølen nr. 98, 2015 side 9
- Sigurd Haugsgjerd, Legen som berre pasientane vil ha, artikkel i Setesdølen nr. 65, 2017, side 9
- Formannen i Setesdal Sogelag har ordet, stykke i Setesdal og setesdølar 2023, side 4