Valborg Nomeland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Valborg Nomeland
Født: 20. februar 1956
Død: 26. mai 2023 (67 år)

Valborg Nomeland (fødd 20. februar 1956, død 26. mai 2023) budde på Nomeland i Hylestad. Ho var gift med Olav K. Nomeland. Dei fekk tre barn. Ho fekk MS i 1983 og vart etter kvart meir og meir plaga, men deltok likevel i frivillig arbeid. Ho var primus motor for Valleutstillinga, var kontaktperson for Valle og Hylestad musikkorps, var vararepresentant til Valle kommunestyre for Senterpartiet, var leiar av Hylestad FAU, kasserar for Valle IL og revisor for Aust-Agder sauealslag, for å nemne noko. I 2003 fekk ho Valle kommune sin kulturpris.

I 2016 ga ho ut boka Gå heim og ver lukkeleg, ei samling små tekstar for kvar veke.

Kjelder