Ura

Ura var ein husmannsplass på Kallhovd, under Urefjellet ved grensa mot Jortveit, i Hornnes. Her stod både innhus og uthus. Det bli sett opp nye hus i 1882. Dei gamle husa var då til nedfalls.
Når plassen blei rydda veit ein ikkje. Det skal ha budd ein mann der i 1850–1860-åra. Frå kring 1865 budde Ola Olson («Ola Sannaberg», f. 1814, d. 1894) der med kona Guro Kristensdotter. Han døydde i 1894, etter å ha blitt utsett for ei ulykke i haustonna. Enka Guro budde i Ura saman med yngste dottera Mari etter at mannen var død. Guro døydde i 1897.
Gunnar G. Uleberg d.e. budde nokre år i Ura med huslyden sin.
Den siste som budde i Ura var Alf Olson Ura (f. 1854, d. 1913), son til Ola Sannaberg. Han var oppvaksen i Ura. Han blei gift med Anna Severine frå Sirdal. Dei og borna budde fleire stader før dei kom tilbake dit. Anna Severine døydde i 1909. Då Alf døydde i 1913 budde han i plassen Frøyså under Jortveit. Så noko før det må Ura ha blitt fråflytta for godt.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, 1969, side 235–236
- Georg Bjørndal, Husmannsplassen Ura under Kallhovd, stykke i Arnstein 2023, side 10–14