Trygve Nortvedt

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Trygve Nortvedt
Trygve Nortvedt.jpg
Født: 18. juni 1910
Død: 15. juni 1995 (84 år)

Trygve Nortvedt (fødd 18. juni 1910 i Bergen, død 15.juni 1995 i Kristiansand) var prest i Valle frå 1948 til 1956. Han vart student i 1929 og cand.theol i 1934. Etter praktikum var han ungdomssekretær i Det Norske Misjonsselskap (NMS), først i Skien krets og fra 1939 i Oslo krets. Valle var første soknekallet hans. Etter tenesta i Valle vart han sokneprest i Birkenes i 1956. I 1963 kom han til Grim, der han var til han vart pensjonist.

I 1939 gifta han seg med Magnhild Nortvedt, fødd Østbye (1909-1998), som vaks opp på Madagaskar som dotter til misjonsprest August Østbye. Dei fekk barna Sigrunn Nortvedt, Kjellaug Nortvedt, Inger Johanne Nortvedt, Arne Nortvedt, Reidun Nortvedt og Ragnhild Nortvedt. Gravferda var frå Grim kirke torsdag 22. juni 1995 klokka 13.

Han var redaktør av Korsmerket frå 1939 til 1949 og av Årbok for Agder Bispedømme i ti år.

Kjelde

Bibliografi

  • Birkenes kirke 1858-1958. Festskrift ved 100-årsjubileet.

Eksterne lenker