Trogstein
Hopp til navigering
Hopp til søk
Trogstein er ein «tussestein» i Lonedalen, mellom Lauvdal og Sandsvatn i Bygland. Under steinen skal støylsfolka ha lagt «trog», koppar og kar for matlaging, når dei reiste frå støylane om hausten. Dette skulle vere for at ikkje dei underjordiske skulle ta tinga i bruk på støylen, etter at støylsfolka hadde reist heim.
Kjelder
- Anne Tone Aanby, Spelemannen - og slåttemusikken i Åmli, 2018, side 240