Trengslemyrvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Trengslemyrvegen er ein hytte- og skogsbilveg på garden Gautestad på nord-austsida av Høvringsvatn, heilt nord-aust i Evje og Hornnes. Han tek til ved Gautestad kurs- og misjonssenter, der Fylkesveg 306 sluttar, og snor seg meir enn ein kilometer nordover i terrenget til Trengslemyrane.Ein annan hytteveg, Tvitjønnåsen, tek av frå Trengslemyrvegen omlag halvegs på denne og går i noko meir austleg retning innover i terrenget. I området der desse to vegene går ligg det svært mange fritidsbustader.
Kjelder
- Kart