Tale ved bautaene ved Valle kyrkje 17. mai 2022

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Talen er skrevet av niendeklasse ved Valle skule i samarbeid med læreren Adelheid Rygnestad. Viggo, Ingrid B, Hallvard, Anja og Hege fremførte den ved kransenedleggingen ved bautaene over Olav Tveiten og Knut O. Bø ved Valle kyrkje 17. mai 2022.

  1. Kjære sambygdingar frå Valle og Hylestad! Gratulerer med nasjonaldagen!
    Me er samla her ved Valle kyrkje for å minnast eidsvollsmannen vår. I dag, for 208 år sidan, fekk me eiga grunnlov. Det var eit viktig steg i det å gjere Noreg sjølvstendig og demokratisk.
  2. 112 menn møtte opp på Eidsvoll i 1814 for å skrive grunnlova. Frå Valle møtte Olav Knutsson Tveiten. Her ved Valle kyrkje er det sett opp ein bauta til minne om han. I dag skal vi leggja ned ein krans og minnast det viktige arbeidet han gjorde for landet vårt.
  3. Me er samla her også for å minnast dei som døydde i kampen for landet vårt under andre verdskrigen. Etter at Noreg vart invadert av Tyskland 9. april 1940, kjempa mange nordmenn mot nazismen og for fridom. Motstandsrørsla var viktig i kampen for å få Noreg fritt att.
  4. Vår eigen Knut Olavsson Bø var aktiv i motstandsrørsla. Han vart teken til fange av nazistane og seinare skoten på Austlandet i 1944. Her ved Valle kyrkje er det sett opp ein bauta til minne om han. I dag skal vi leggje ned ein krans og minnast det viktige arbeidet han og andre gjorde for landet vårt.
  5. Me er samla her i dag for å vise takknemlegheit for dei som har kjempa og for dei som fortsatt kjempar for fridom. Då ein spesiell tanke til Ukraina som no har blitt utsett for krig. Tankane våre gjeng til dei som ikkje lenger kan føle seg trygge i sin eiga heim, til dei som ikkje kan føle seg trygge i sitt eige land og til dei som må flykte frå heimstaden sin. Me må minnast å ta imot dei som kjem til denne flotte bygda vår med opne armar. Me kan ikkje sjå for oss det dei har sett og opplevd. Minnast det. Me må vise dei bygda frå si beste side. For me kjem trass i alt frå Valle - ei bygd vi er stolte av.
    I dag er Noregs nasjonaldag. I dag skal det feirast. Takk for oss.