Straffeskatten 1613

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Straffeskatten 1613 (også kalla Boslodden) vart ilagt bøndene i Råbyggelaget fordi dei hadde vegra seg for å sende soldatar i Kalmarkrigen 1611–1613. Det var ein hard skatt: Halvparten av det bøndene eigde, eigedomar og lausøyre, men ikkje odelsgods og bygningar, skulle bøtast til kongen (Christian IV). Attpåtil skulle skatten betalast i reide pengar, noko som gjorde straffa ekstra alvorleg.

Takseringane skjedde i september 1614. Truleg laug bøndene så mykje dei torde. Mykje gods vart nok såleis lura unna. Men det vart likevel ei bot som verkeleg sveid. I Bygland prestegjeld måtte bøndene bøte 1116 riksdalar. Kuverdet var tre dalar, slik at bota var like stor som verdet av 372 kyr. Det var eit snitt på 9 1/2 riksdalar for kvar bonde. I Valle (63 bønder) var den samla bota 1532 riksdalar. I Hylestad (26 bønder) var bota i snitt 17 riksdalar eller mest seks kuverde kvar. I Bykle bøtte bøndene i snitt 19 dalar kvar, noko meir enn hylstringane.

Kjelder